Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Konkurranse 5;

Me helde fram i samme sporet som sist, og serverar dykk ei ny reiseoppgåve. Denne gongen har me heva vanskelegsgraden eit par hakk, og me reknar me de må teinka litt meir på denne enn då me tok dykk te Balestrand.   

Reiseruta er som fylgjer;

Me skal nordover i fylket denne gongen, fram til ei bana som no i dei seinare åra har fått seg kunstgras. VIL har aldri spela på denne bana. I allefall 2 av dei noverande VIL-spelarar har spela der, men det var på naturgraset som låg der for inntil ca 4-5 år sidan. Me startar på Lægreidsplassen, køyrer stamvegen nord-vestleg retning. Etter ein liten time svingar me til høgre i krysset ved eit kjent hotell (da vil seia at Vegvesenet har laga rundkøyring der no, men likevel, me tek til høgre). Etter ca 40 minuttars køyring nord-vestover kjem me til ei ferjekai med eit navn som ikkje berre minnar om, men er ein sjøfugl. Me tek ferja over fjorden. Etter ca 10 minuttars køyring kjem me inn til ei av dei "største" bygdene i denne delen av fylket.

 

Me køyrer so vestover ca 25 minuttar. Me kjem no til eit kryss. Plassen dette krysset ligg i, er det same som han som spelar/spelte GEORG i Hotel Cæsar heiter til etternavn in real life (faktisk so stammar han i frå den plassen og). Her er det 2 vegar som fører til bana me skal fram til;

Den eine vegen går over eit lite fjell, og faktisk nett innom eit av nabofylka vår, før me går over eit nytt mini-fjell, før vi er framme ved målet etter ca 45-60 min.

Rutealternativ 2 frå (Hotel-cæsar-georg-krysset) går rett vestover mot ein av dei nye byane i fylket. Men halvvegs oppe på eit anna mini-fjell svingar me oppover, og køyrer "poljane på dritveg før me til slutt endar opp på målet

Den mest vanlege ruta er alternativ 1, also innom nabofylket.

 

Me vil ha navn på stadion og kva lag som spelar der?

 

Konkurranse ansvarleg Even Kvam vil gjera merksam på at han ikkje går 100% god for avstandane mellom dei ulike punkta. ”Dette er teke ut av hovudet mitt, akkurat som i dei gode gamle konkurransane i Bula*

 

(*Bula var begrep på husvære som Bjørn Molland, Richard Nes og Emil Heggestad delte i perioden hausten 2004 til våren 2006)

 

Premie:

Denne gongen stikk vinnaren av med den nye VIL t-skjurta. Den gamle varianten er den som Nils Tore Heggestad vann to av på konkurranse 2, men no er altså den nye versjonen klar. Den er blant anna pryda me velkjende sitat som "sjot vil du sjota" og "hei du pipen, du staor i corner". Om du ikkje er så heldig å vinna den her kan den sjølvsagt kjøpast i VIL-sjappao!

 

Konkurransen er no avslutta!

 

Rett svar denne gongen var Selje Idrettspark og laget som spelar der er sjølvsagt Selje.

 

Den heldige vinnaren denne gongen er Stig Høynes. Me gratulerer han med eit nydeleg eksemplar av den nye VIL t-skjurta!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com