Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Konkurranse 6

 

Denne gongen hevar me vanskeleghetsgrada med eit par hakk, og går tilbake i samme sjanger som konkurranse 1 var i. Sidan det no er ferie og stille rundt 6.divisjon satsar me på å underhalda brukarane våre med konkurransar på laupande bånd!

Spørsmålet er som fylgjer;

3 spelarar som har spelt seriekamp (på seniornivå) på Leikvoll Stadion står og bokført med seriekampar for Sogndal sitt A-lag.

Kven er desse 3 ???

 

Vinnaren vil denne gongen få billettar til haustens to storkampar mot Hafslo på Leikvoll Stadion. I tillegg vil vedkommande få ein gratis vafflemeny (vaffla + kaffi) til kvar av dei to kampana. Meget eksklusiv premie med andre ord!

Konkurransen er no avslutta

Rett svar denne gongen var; Asle Hillestad, Trond Helgesen og Torbjørn Ylvisåker.

Den heldige vinnaren av gratisbillettar inkl. vafflemenyar til Hafslo kampane er Svein Jarle Slinde. Me gratulerar!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com