Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Konkurranse 7

 

Denne gongen køyrer me i gang med eit heilt nytt konsept rundt vår konkurranse. Me vil gje brukarane eit enkelt spørsmål, deretter vil me servera dykk eit nytt hint med jamne mellomrom (forhåpentlegvis ein gong for dagen). Her er det altså om å gjera å ikkje vera redd for å fyra av eit tips til oss på kva du trur er rett svar!

Vinnaren av konkurransen vil ganske enkelt bli den fyrste som sender inn det rette svaret!

Oppgåva;

Me skal fram til navnet på ein fotballspelar!?

HINT 1 (09.07.07) - Vedkommande hadde si storhetstid på slutten av 80-, og byrjinga av 90-talet.

HINT 2 (10.07.07) - Spelaren har bak seg ei lang karriere der han har vore innom ein rekke klubbar i fleire ulike land.

HINT 3 (11.07.07) - Kjem i frå dei britsike øyar

HINT 4 (12.07.07) - Til trass for hyppige klubbskifte var det aldri mogleg for ein klubb å kjøpa denne spelaren då han kun var til leige.

HINT 5 (13.07.07) - Spelaren annonserte seg sjølv med "matchvinnar til leige"; £1000 pr kamp, £250 pr mål - tapte kamper=ingen betaling.   

 

Vinnaren vil denne gongen stikka av med ein middag på Strondi Sommarkafe. Ein stor takk til dei som stiller opp som sponsor til denne konkurransen!

 

Konkurransen er no avslutta.

 

Rett svar var den gamle tegneseriehelten Jon Stark som me hugsar frå dei gode gamle Boing tidene!

 

Første mann med rett svar var Jonny Ølnes frå Hestnes, Hafslo. Me gratulerar!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com